Gruppetur på Kreta

Dette vil eg vil vera med på fleire gonger

For å unngå ein svulstig og oppskrytt omtale av denne turen, har eg venta ei tid med å gje tilbakemelding om fotturen med Rundtomkring på Kreta. Men fortsatt set denne kjensla i om å ha opplevd noko som eg vil vera med på fleire gonger.

På denne turen får du oppleva Kreta om våren med den flotte blomsterprakta, blått-blått hav, frodige sletter, gå gjennom raviner og kløfter og kvila ut på lokale tavernaer i vakre småbyer. Maten me fekk servert var av første klasse.

Det som også var positivt med Rundtomkring, var den gode informasjonen me fekk på førehand, alt frå kva med skulle pakka med oss, til eit detaljert program over turen. Vi vart ei ganske stor gruppe, men vart samansveisa og fekk eit fint fellesskap.

Ein stor takk til dei flotte turledarane som var lyttande og viste respekt og hadde ein herlig humor.

Tusen takk til Ninette og May for ein godt organisert og minnerik tur på Kreta.

Anbefalingsinformasjon

Fra: Gunnhild Brakstad
Tur: Frodig fottur langs kysten og i raviner